Logo
Larsnes

Arrangørar av tangokurset var Drageskaret Danselag. Her i ein stilig tangodans.Tangokurs på Larsnes

Fredag 24.- og laurdag 25. sept. hadde Kom og Dans Volda tangokurs på Sagatun i Årvika. Arrangørar av tangokurset var Drageskaret Danselag frå Larsnes, her i ein stilig tangostans.

For dei noko ukjende, ligg kurslokalet Sagatun nokre få hundre meter forbi ferjeleiet på Årvika og Årvika ligg nokre få km frå Larsnes.

Fredag hadde vi 3 timar kurs frå kl. 18.00 - 21.00 og laurdag hadde vi til saman 4 timar kurs frå kl. 12.00 - 17.00.
Dette var den første gongen Kom og Dans Volda har hatt kurs for Drageskaret Danselag på Larsnes.
Det var ei særdeles kjekk oppleving!!!!

Utsikta frå kurslokalet Sagatun er elles verdt eit "syn". Viser litt av utsikta i bildet under, slik at de som ikkje var der kan få sjå korleis vi hadde det, i pausane denne dagen.

 

For vidare oppfylgjing og evt. repetisjonskurs e.l., kontakt arrangør ved: Harald Sætre, tlf. 91318358


Fotoalbum
 

Tangokurs sept. 2010

Årvika ved Larsnes. 24.- og 25. sept. 2010. Tangokurs på Sagatun.

Utanfor kurslokalet Sagatun, Årvika ved Larsnes. 24.- og 25. sept. 2010. Her er eit bilde av dei fleste kursdeltakarane like etter at tangokurset er slutt laurdag og vi viser utsikta rett utanfor kurslokalet. Kva syns de? De ser elles at vi har øvd tangostans så lenge at det er gått heilt inn "i blodet". Det er elles både travelt, spennande og ganske intenst med så mange kurstimar fordelt på ein fredag kveld og delar av laurdagen, men samstundes hadde vi det svært så kjekt og triveleg. Takk!!!