Logo
Kom og Dans Volda

Vi held kurs, øvingskveldar og festar for interesserte i folkelege danseformer som tango, swing og bugg. Deltakarar frå nærområdet i Volda og andre stader er hjarteleg velkomne. Kurstilbodet kan vere på fleire nivå, og vert gjennomført på vekedager eller i helger. Sjå meir under lenkene.

Våre kurs og arrangement:
Helgekurs | Vekekurs | Eksterne kurs | Tangofest 

Andre sider:
Påmelding | Priser | Fotoalbum

Andre kursstader:
Brandal | Hareid | Haugsbygda | Larsnes | Loenfjord Hotel | Nordfjordeid 
Onsdagsdansarane | Stordal | Sykkylven | U.L. Ivar Aasen Ålesund


Kom og Dans Volda
Kontakt: Torhild Barmen 918 50 525 for mer info


Swinglaurdag i Volda 24.februar 2018

Swinglaurdag 24.februar 2018 frå kl. 11.00 - 23.30 med instruktørane Karianne Nielsen og Kristine Thorstvedt frå Oslo + lokale instruktørar.

 

På programmet står:

 Dansesalen oppe:

  • Kl. 12.00-14.00 Grunnkurs Rockeswing (For nybeg. og for dei som vil repetere sving grunnkurs)
  • Kl. 14.15-15.30 Vidaregåande Spesialturar, med klakk og krok nivå 2 
  • Kl. 15.30-16.30 Matpause med pizza 
    (Moglegheit til å bestille pizza. Vi tek opp bestilling ved kursstart og på nett. Pris: ca 50,- kr)
  • Kl. 16.30-17.45 Vidaregåande. Rockesving, nivå 3 
  • 18.30-20.00 Matpause (Vi bestiller gryterett m tilbehør frå hotellet. Pris: 200,- kr. Her kan det bli justeringar.)
  • Kl. 20.00-23.30 Dansekveld med god dansemusikk frå DJ

  • Dansesalen nede:
  •  Kl 11.30-13.00 Glidande gå-dans (vidaregåande) * 
  • Kl 13.30- 15.00 Blues boogie (vidaregåande) *

Hugs gode dansesko!

 

Prisar:

"Laurdagskort" kr. 400,- (alle kursa denne laurdagen + dansekveld. Mat vil kome i tillegg)
Enkeltkurs kr. 150,- 
Dansekveld: 100,- 
Studentar (heiltid) ½ pris. Ver vennleg å meld i frå om du er heiltidsstudent ved påmelding.

 

Kom i god tid før kurset slik at vi får registrert deg og tatt imot betaling før det startar. 

Matbestilling er ikkje innkludert i kursa. 

Påmelding på nett-klikk her 

Påmelding el. ved spørsmål:

Olaug Henøen Solhaug:
[olaug.solhaug@gmail.com] eller tlf: 975 86 061

Torhild H. Barmen: 
[torhihb@online.no] eller tlf :918 50 525

Magny Barmen:
[magnybarmen@gmail.com] eller tlf: 917 72 309


  • * Glidande- gå- dans har det vore kurs i også tidlegare i Volda. Då heitte dette Glidande gå-dans mot tango. No blir dette kalla glidande gå-rock. Swingdans til roleg musikk.
  • * Blues boogie er swingdans til bluesmusikk. Vi dansar til dei lange bølgene i musikken. 

VELKOMEN TIL EN LAURDAG MED MYKJE DANS OG MORO!

Helsing frå Kom og Dans Volda

 

 

 

 

 


Bilder frå kurs, festar og arrangement.
Her ser du bilder frå ulike kurs og arrangementer i regionen rundt Volda.
OBS! Klikk på eitt bilde, så får du sjå ei større utgåve av bildet med undertekst om arrangementet.
Laurdag 18. okt. 2014 arrangerte Kom og Dans Volda i samarbeid med Onsdagsdansarane eit tangoarrangement for 7. gong på rad. Det første arrangementet var i 2008. Denne gongen vart det og gjennomført kurs på dagtid i både swing, bugg og two step. Hovedtyngda var likevel framleis på tango og slow. Knapt 50 kurs- og festdeltakarar gjorde dagen og kvelden til eit vellukka arrangement. Vi hadde god danseplass på eit dansegolv som truleg er eit av dei beste i Noreg. Slike golv vert det truleg ikkje laga lenger? Etter dei 5 kursa på dagtid frå kl. 10.00 til kl. 18.00, var det middagstilbod på Volda Turisthotell som ligg omlag 200 m. frå Samfunnshuset. Omlag halvparten av dansarane nytte seg av det tilbodet. Festen starta kl. 20.30 med ei kort polonese og deretter framføring i two step, bugg, slow, tango og swing. Vi hadde og ei matpause på kvelden med noko godt å ete og drikke, men elles var det dans heile tida til omlag kl.23.50. Då avslutta vi med engelsk familievals i stor sirkel og ein kort fellessong.
Kom og Dans Volda hadde i sept. og okt. 2014 5 kurskveldar hos Onsdagsdansarane. Dei tre (3) første kveldane var det eit litt vid. kurs i bugg, medan det i okt. vart gjennomført to (2) kursøkter i slow og tango. Mange av kursdeltakarane har vore med mange gonger før, men nokre var med for første gong. Eit svært så triveleg miljø å instruere i. Særdeles positive kursdeltakarar som i tillegg fungerer svært så godt på dansegolvet og som er inkluderande og positive for nye dansarar.
12. - og 19. febr. 2014 gjennomførte Kom og Dans Volda swingkurs hos Onsdagsdansarane. Etter som det har vore gjennomført fleire swingkurs her tidlegare, vart det denne gongen gjennomført eit litt vid. kurs.
Fredag 7. mars og laurdag 8. mars 2014 hadde Kom og Dans Volda swing rock'n roll grunnkurs i Syvde. Mellom 20 og 30 ivrige swingdansarar var gjennom 3 timar med kurs på fredagskvelden og 4 timar kurs på laurdag. Dette var første gongen vi hadde dansekurs i Syvde. For den som ikkje veit kvar Syvde ligg, så tek ein først ferje frå Volda til Lauvstad. Det tek omlag 25 minutt. Deretter køyrer ein omlag ein halv time i retning Stadt eller "ytre". Vi hadde det særs kjekt som instruktørar saman med ivrige og positive kursdeltakarar som verkeleg "stod på". Kurslokalet var særs godt å danse på. Vi kjem gjerne tilbake ein annan gong. Kontaktperson for kurset var Steinar Arne Nordal. Tlf. 70023069 / 41323069.
Kom og Dans Volda har hatt eit litt vid. buggkurs hos Onsdagsdansarane på Øyra skule i Volda onsdagane 26. febr., 5. mars og 12. mars 2014. Omlag 40 ivrige og positive kursdeltakarar som vi som instruktørar har hatt det særs triveleg saman med. Mange av kursdeltakarane har vore med på fleire buggkurs tidlegare, medan andre har trødd sine første "buggsteg" på kurset. Med fleire erfarne buggdansararar og bytte av dansepartnar heile tida, gjekk innlæring av nye turar fort. Særs trivelege kurskveldar.
Onsdag 6. og 13. nov. 2013 hadde Kom og Dans Volda instruksjon hos Onsdags-dansarane på Øyra skule. Temaet denne gongen var slow mot tango. Mange av kursdeltakarane har vore på fleire tidlegare kurs og dansar svært så bra. To trivelege kurskveldar med deltakarar frå Volda, Ørsta, Nordfjordeid, Ulsteinvik, Stryn og Bryggja.
Laurdag 19. okt. 2013 arrangerte Kom og Dans Volda eit tangoarrangement for 6. året på rad etter som det første arrangementet var hausten 2008. Arrangementet dette året hadde fokus "slow mot tango". Kva det er? Noko fullgod forklaring fylgjer ikkje, men "spennvidda" i bruk av musikk er nok annleis enn tidlegare...og med det truleg og større variasjon i dansen? Vi har ingen fasit på korleis eit slikt arrangement skal og bør vere, men hadde det særs kjekt og triveleg saman. Kanskje vert det eit nytt tangoarrangement hausten 2014??? eller kanskje vert det eit annleis arrangement?
12. jan. 2014 vart det halde rock'n roll grunnkurs i swing på Nordfjordeid. Det vanlege danselokalet Valhall var opptatt, så kurset vart gjennomført på Vårtun, eit samfunnshus som ligg like ved Haugen skule. Kursdagen starta kl. 12.00 og vart avslutta kl. 18.00 og stort sett alle var med frå start til slutt. Matpause med pizza m.m. frå kl. 15.00 - 16.00. Som instruktørar opplevde vi eit særs givande kurs med mykje energi og danseglede...og kursdeltakarar som kom "langt"... mykje lenger enn "normalt", men så hadde dei fleste prøvd Fastingswing ein heil del frå før???
Helga 19. - 21. okt. 2012 vart det arrangert tangohelg med tangofest for 5. gong på Samfunnshuset i Volda og for tredje år på rad og med Johan og Sidsel Fasting som instruktørar. Vi kjenner oss ganske så priviligerte her i Volda som fekk disponere dei ei heil helg med fokus på tango. Vi hadde ei særdeles kjekk helg med mange kurs og med nye og spennande tangoimpulsar frå Johan og Sidsel. I tillegg hadde vi og to kurs med lokale instuktørar. Kurs fredag frå kl.18.30 til 22.30. Minidans etterpå til kl. 23.00. Kursa laurdag gjekk frå 12.00 - 17.00 med høve til litt pizzamat for dei mest svoltne. For dei som ynskte ferdig middag, var det middagsservering på hotellet etter siste kurs laurdag og før tangofesten. Middagen var særs god fekk mykje skryt. Elles servering av kaffe'og te med smørbrød og kaker omlag midt i tangofesten. Takk til både kursdeltakarar og medhjelparar som gjorde helga til ei særs vellukka helg med tangofest.
Laurdag 19. okt. 2013 arrangerte Kom og Dans Volda eit tangoarrangement for 6. året på rad etter som det første arrangementet var hausten 2008. Arrangementet dette året hadde fokus "slow mot tango". Kva det er? Noko fullgod forklaring fylgjer ikkje, men "spennvidda" i bruk av musikk er nok annleis enn tidlegare...og med det truleg og større variasjon i dansen? Vi har ingen fasit på korleis eit slikt arrangement skal og bør vere, men hadde det særs kjekt og triveleg saman. Kanskje vert det eit nytt tangoarrangement hausten 2014??? eller kanskje vert det eit annleis arrangement?
Måndag 12. nov. 2012 vart det gjennomført eit repetisjonskurs i tango for Hadar Danselag på Brandal skule. Kom og Dans Volda har tidlegare hatt to helgekurs på Brandal og det var kjeklt å vere tilbake. Vi brukte denne gongen mykje tid på slow, noko som berre fungerte betre og betre til lengre vi kom ut på kvelden. Kvelden vart berre opplevd så altfor kort. Slikt er det når ein har det kjekt og er i "godt lag". Takk for ei god kveldstund!
Kom og Dans Volda har i løpet av sep. og okt. 2012 gjennomført eit vidaregåande tangokurs for Onsdagsdansarane i Volda over 5 onsdagar. Første kursdag var 12. sept. og siste kursdag onsdag 17. okt. Med tangohelg med tangofest i den same veka som siste kursdag, vart det mykje god dansetrening og gjennomkjøring i tango før tangofesten. Spesielt kjekt med tilreisande kursdeltakarar frå ulike bygder i "nærområdet". Rundt 30 positive og ivrige kursdeltakarar som stadig utviklar tangodansen sin og som i tillegg verkar å trivast særleg godt saman og med tango'en. Eit privilegium å vere instruktør for ei slik gruppe.
Her nokre glimt frå det vidaregåande tangokurset som Kom og Dans Volda hadde hos Onsdagsdansarane over 5 onsdagar i februar og mars 2012. Kursdeltakarar og frå Nordfjordsida, noko som er særs triveleg. I tillegg gjer det kurset bedre. Vi vert fleire som delar impulsar...fleire og "spele" på, både fagleg og sosialt. Kanskje er det ei utfordring etter kvart at dei som går på mange tangokurs etter kvarandre...over fleire år...og som dansar mest tango, vert bedre og bedre og bedre....Er der ei utfordring?
Laurdag 11.- og søndag 12. februar 2012 hadde Kom og Dans Volda omlag 8 timar tango grunnkurs++ hos Ungdomslaget Ivar Aasen i Ålesund. Dei fleste kursdeltakarane hadde bakgrunn frå norsk folkedans og hadde slik dansa m.a. runddans i mange år. Det var lett å sjå, for når vi skulle prøve rotasjon i samdans...så dansa dei fleste som om dei ikkje hadde gjort noko anna......Noko anna hadde dei nok dansa, men rotasjon i samdans hadde dei fleste dansa i mange år. Gøy!!! Ved eit evt. oppfylgjingskurs seinare, vil det truleg vere ein god ide å legge til mykje arbeid med tangorytma / tempovariasjon, både i rotasjon i samdans, samt i danseretninga fram- og bakover. Med ein slik opparbeida teknikk som dei fleste her har opparbeidd seg gjennom samdans og rotasjon gjennom mange år, vil det bli særs spennande å sjå kvar det "ville ende".
Laurdag 25.- og søndag 26. febr. 2012 hadde Kom og Dans Volda 8 timar tangokurs på Brandal. Dette var andre gongen vi hadde tangokurs der. Kvar dag frå kl. 13.00 - 18.00, men med ein god og smakfull matpause midt i. Tangokurset vart halde i gym.salen på Brandal skule, ein skule som no ikkje lenger er i bruk som skule. Ein særs triveleg "gjeng" å ha kurs for. Kjekt og at det kjem nokre par andre stader ifrå og sprekt og triveleg av dei to jentene på 15 år som var der med "Besten".
Hausten 2011 vart det gjennomført eit vidaregåande tangokurs hos Onsdagsdansarane i Volda. Første onsdag 14. sept. og den femte og siste onsdag 12. okt., like før tangofesten. Svært mange kursdeltakarar og særdeles kjekt og med dansarar frå Nordfjordsida.
Fredag 28. okt. 2011 gjennomførte Kom og Dans Volda eit introkurs i slow og tango i Mahmutlar i Tyrkia. Mahmutlar ligg 10 km aust for Alanya på sørkysten av Tyrkia og har delar av Middelhavet som si badestrand. Badetemperaturen i havet var særdeles behageleg, sjølv om kalendaren viste 28. okt. Eit særdeles god plass å feriere og kanskje samstundes kombinere ferien med eit tangokurs eller to? Kom og Dans Volda har elles hatt ein del tangokurs i nærmiljøet dei siste åra, men så langt har vi aldri reist før for å halde tangokurs.
Her ei lita samansetjing av bilder frå tangohelga i Volda 14. - 16. okt. 2011. Alle arrangement har vel små eller store forbetrings-potensial, men "i det store og heile" er vi særdeles godt nøgde. Mange takk for alle bidrag...og ei særskilt takk til SIDSEL og JOHAN og tildugnadsgjengen frå Onsdagsdansarane. Vi kjennes oss elles ganske så priviligerte som får ha Sidsel og Johan her ei heil helg for oss sjølve. Nå har vi berre lyst til å øve og øve og danse og danse...å prøve å få til litt masse av det som vi held på med og som vi ynskjer å få til... Takk for masse inspirasjon og glede!!! Vi syns vi hadde ei kjempehelg!!!
Nordfjordeid, nov. 2009. Eit nytt tangomiljø er under etablering på Nordfjordeid, langt nord i Sogn & Fjordane og ikkje så langt frå Volda på Sunnmøre. Denne helga vart det gjennomført 10 timar med tangokurs på ulike nivå i kurslokalet Valhall på Nordfjordeid, eit ganske så "tøfft" program...spesielt fordi svært så mange var med på dei fleste kursa. Søndag kom mange frå Volda for å vere med. Då var kursa noko vanskelegare, noko som passa svært bra. Ei svært vellukka kurshelg, men 10 timar er nok på grensa av kva som kan gjennomførast på ei helg...i alle fall for instruktørane.
Nordfjordeid, laurdag 13. febr. 2010. Denne kurslaurdagen starta i kurslokalet Valhall kl. 11.00 med tango grunnkurs. Vi hadde deretter ein kursøkt med gådanstango. Deretter ei kursøkt som vi kalla "Frå slow/gådans til tango", og til slutt ei vidaregåande kursøkt med tango fram til kl. 17.00. Frå kl. 19.00 hadde vi ein time repetisjon og resten av kvelden var det dans med levande musikk med Tastamentet. Litt av eit program for dei som ville vere med på alt eller det meste...og det var mange.
Nordfjorseid, laurdag 13. febr. 2010. Denne kurslaurdagen starta i kurslokalet Valhall kl. 11.00 med tango grunnkurs. Vi hadde deretter ein kursøkt med gådanstango. Deretter ei kursøkt som vi kalla "Frå slow/gådans til tango", og til slutt ei vidaregåande kursøkt med tango fram til kl. 17.00. Frå kl. 19.00 hadde vi ein time repetisjon og resten av kvelden var det dans med levande musikk med Tastamentet. Litt av eit program for dei som ville vere med på alt eller det meste...og det var mange.
Volda, okt. 2009. Dette er det andre året vi arrangerer tangofest i Volda. På dette arrangementet har vi desse to åra halde kurs på dagtid frå kl. 12.00 - 17.00 og repetisjonskurs/ bli kjent kurs frå kl. 19.00 - kl. 20.00. Sjølve tangofesten startar kl. 20.00. Dette året fekk vi ein annleis tangoimpuls gjennom tangokurs ved Arvid og Irene frå Fana. Spennande og annleis!
Sykkylven, jan. 2010. Dette var tredje gongen vi var i Sykkylven for å halde kurs. Vi hadde tidlegare ei kursøkt i okt.- og ei i nov. 2009. Denne gongen hadde vi først to timar med tango der vi brukte mykje tid til repetisjon, får så å ha ein knapp time med bugg. Kanskje skulle vi hatt litt meir tid til den siste kursøkta med bugg? Gøy!
Volda, sept. 2009. Vi hadde ei super swinghelg med Pål Atle denne helga i sept. Bildet over er frå grunnkurset, der det var noko over 60 deltakarar. Pål Atle er elles frå Ørsta, som ligg 10 km frå Volda. Han bur nå og arbeider i Stavanger. Vi hadde elles og kursøkter i bugg og tango denne helga.
Loenfjord Hotel i Loen, okt. 2009. Vi hadde denne laurdagen tre korte kurs i gådans/slow , tango og bugg, samt eit repetisjonskurs på Hotel Loenfjord i Loen i Nordfjord. Ein fantastisk flott plass å ha kurs. knapt 40 kursdeltakarar, inkludert begge hoteldirektørane. (For Hotel Loenfjord og for Hotel Alexandria.) Sprekt!
Sykkylven mars 2011. 29. okt. 2009 hadde Kom og Dans Volda kurs for fyrste gong i Sykkylven. Sidan har det vore kurs 12. nov. 2009, 14. jan. 2010, 20. jan. 2011 og nå sist for 5. gong 10. mars 2011. Som instruktørar frå Kom og Dans Volda er vi gjennom desse kurskveldane på torsdagane frå kl. 19.00 - 22.00 blitt godt kjende med ein svært så kjekk og humørfylt "gjeng" i Sykkylven. Slik og denne kvelden. Vi hadde det svært så kjekt saman. Vi har elles ein liten halvtime pause midt inne i desse kursøktene. Kanskje får vi sjå nokre av desse dansarane på tangofesten i Volda 15. okt. 2011? De er i alle fall hjarteleg velkomne.
Volda, okt. 2008. Dette var den første gongen vi prøvde oss med ein eigen tangofest i Volda. Vi hadde før dette arrangementet halde fleire tangokurs, men mest i Volda. Arrangementet var vellukka og frista til gjentaking. Foto: Knut Arvid Uglebakken.
Volda, mars og april 2011. Kom og Dans Volda hadde i løpet av mars og april 2011 fem kurskveldar hod Onsdagsdansarane. To kveldar med bugg og tre kveldar med tango. Onsdagsdansarane brukar musikkromet på Øyra barneskule som sitt øvingslokale og har brukt det i mange år. Dette lokalet kjennes tidvis litt lite, etter som dei ofte har rundt 40 dansarar eller fleire på øvingskveldane sine. På tangokurset var det påmeldt 23 par. (Fullt) Det er elles ein usedvanleg kjekk og triveleg "gjeng" å instruere for. Blide og positive og alltid med godt humør.
Bildet er frå ei tangohelg med bugg på Samfunnshuset i Volda, laurdag 7. febr. 2009. Fotograf: Knut Arvid Uglebakken
Brandal, mars 2011. Helga 19. - og 20. mars hadde Kom og Dans Volda helgekurs i tango på Brandal. Åtte (8) tangoøkter; kvar på 1 time og fordelt over 2 dagar...og ein lang og god matpause kvar dag. Arrangør var Hadar Danselag, ei samanslutning av tidlegare danselag frå Hareid og Brandal. Kurset var i gymnastikksalen på Brandal skule. God plass og godt dansegolv. Bildet opp til høgre er utsikta rett utanfor skulen. Elles...ikkje alle på bildet var med på tangokurset. Då hadde det nok blitt "ein annan dans"... men, "han" står til utstilling like nedanfor skulen, på Ishavsmuseet.
Hotel Selje mai 2011. Laurdag 28. mai hadde Onsdagsdansarane i Volda våravslutning på Selje hotel med 3 timar kurs for knapt 30 kursdeltakarar i bugg og tango. Kjekt som alltid å instruere Onsdagsdansarane som og denne gongen hadde fått med seg kursdeltakarar frå Nordfjordsida. Dette var det siste dansearrangementet deira før sommarferien. I slutten av august startar dei oppatt, men før den tid er det nok mange som skal trø dansetrinna og i sommarvarmen...og i oktober er dei medarrangør av tangofesten i Volda.
Volda jan. 2011. Helga 29. - og 30. jan. hadde Kom og Dans Volda swinghelg med Pål Atle i Samfunnshuset i Volda. Svært stor interesse og heile 76 kursdeltakarar på swing grunnkurs og omlag 50 på dei to vidaregåande swing-kursa. På slow og vid. tango omlag tretti kursdeltakarar pluss/minus. Stor stemning på eit særs veleigna dansegolv med stor danseplass.
Sykkylven jan. 2011. Torsdag 20. jan. hadde Kom og Dans Volda tangokurs i Sykkylven. Det var fjerde torsdagen vi var i Sykkylven. 28 glade og ivrige kursdeltakarar var med på kurset. Dei har elles ein stor og flott sal med masse plass der dei har danseøving kvar torsdag. Vi hadde det elles svært så triveleg saman...og ser alt fram til neste kursøkt med tango i Sykkylven. Kursøkta desse torsdagane er frå kl. 19.00 - 22.00, men med ein god pause "midt i". Neste kursøkt i tango i Sykkylven er elles fastsett til 10. mars.
Volda, hausten 2010. Hausten 2010 vart det gjennomført eit buggkurs hos onsdagsdansarane over 3 onsdagar i nov. og ein onsdag i des. frå kl. 21.00-22.15 kvar kveld. Kurset starta heilt frå start, men sidan dei aller fleste hadde vore gjennom fleire buggkurs tidlegare, vart progresjonen noko brattare enn "normalt". Nesten 40 kursdeltakarar var med på dette kurset. Svært godt humør og god stemning.
Stordal, fredag 19. og laurdag 20. nov. 2010. Fredag 19. nov. og laurdag 20. nov. vart det gjennomført eit 7 timars tangokurs i Stordalshallen i Stordal. Arrangør var Stordal Folkedansgruppe og vi hadde ein svært god stad å ha dansekurs med parkettgolv med svikt og god plass, samt særs erfarne og flinke dansarar. Stordal ligg ein knapp times køyretur frå Ålesund.
Volda, okt. 2010. Laurdag 16. okt. vart det i samarbeid med Onsdagsdansarane arrangert tangofest i Volda. Tango frå 12.00 - 24.00, med pause frå 17.00 - 19.00. Johan og Sidsel Fasting gjennomførte kurs i Volda for første gong. Vi håper vi kan få "reprise"... om ikkje for lenge...Takk for alt av impulsar som de gav til oss, både under dei to kursa laurdagen, på sjølve tangofesten og på instruktøropplæringa søndag. Velkomne tilbake!!!!
Volda, hausten 2010. Hausten 2010 har KoD Volda gjennomført eit vidaregåande tangokurs for Onsdagsdansarane i Volda over seks (6) onsdagar. Etter som påmeldinga hadde fleire kvinner enn menn og det var i overkant av påmelde kursdeltakarar, vart det bestemt å dele kursdeltakarane i to puljer, samstundes som ein organiserte begge puljene parvis. Det fungerte heilt topp og var sterkt medverkande til at kurset fungerte svært så bra.
Larsnes sept. 2010. Her er eit bilde av dei fleste kursdeltakarane like etter at tangokurset er slutt laurdag og vi viser utsikta rett utanfor kurslokalet. Kva syns de? De ser elles at vi har øvd tangostans så lenge at det er gått heilt inn "i blodet". Det er elles både travelt, spennande og ganske intenst med så mange kurstimar fordelt på ein fredag kveld og delar av laurdagen, men samstundes hadde vi det svært så kjekt og triveleg. Takk!!!
Loenfjord hotel i Loen, okt. 2010. Laurdag 30. okt. 2010 vart det gjennomført tre kurs på Hotel Loenfjord av Kom og Dans Volda. Det første kurset var eit kurs i slow/gådans. Kurs nr. to var eit tangokurs, medan det tredje og siste kurset var eit kurs i bugg/svensksving. Vi hadde eit liknande kursopplegg hausten 2009 og er spurde om å gjennomføre eit danseopplegg og hausten 2011, men då truleg ei av dei to første helgene i sept.?
Søgne, 23. juli 2010. Fredag 23. juli gjennomførte Kom og Dans Volda eit litt vidaregåande tangokurs i gymnastikksalen på Agder folkehøgskole i Søgne. Litt "rart" at ganske mange av kursdeltakarane var frå tangomiljøet i Volda. Kurset var tredelt og såg ut til å "treffe" bra med tanke på vanskegrad, samstundes som vi trur at der låg nokre utfordringar for dei fleste kursdeltakarane. Kjekt og triveleg hadde vi det i alle fall.
Nordfjordeid, sept. 2010. Helga 11.- og 12. sept. hadde Kom og Dans Volda 10 timar tango- og buggkurs for omlag 20 kursdeltakarar på Valhall i Nordfjordeid. 5 timar laurdag og 5 timar søndag. Ikkje alle hadde prøvd "tango'en" før, men det skulle ein ikkje tru utifrå det som dei fekk til. Det er vel heller ikkje noko ulempe å starte innlæring av både tango og bugg i ung alder. Travelt hadde vi det...og særs kjekt.
Prekestolrock, 22. mai 2010. På dette arrangementet hadde Kom og Dans Volda laurdagen ansvaret for eit vidaregåande tangokurs på 50 minutt. Kjekt og utfordrande, sjølv om det vart litt for lite tid til å øve og automatisere alt det som vart gjennomgått. Spesielt vart det noko lite tid på "det siste momentet".
Volda, april 2010. Dei fire onsdagane i april gjennomførte Kom og Dans Volda eit vidaregåande tangokurs for Onsdagsdansarane. Omlag tretti ivrige onsdagsdansarar var med på kurset.
Loenfjord Hotel, mai 2010. Helga 28.- og 29. mai hadde Onsdagsdansarane avslutning for våren 2010 på Loenfjord hotel i Loen. Kom og Dans Volda hadde kurs i tango, gådans / slow og bugg. Eit svært så triveleg fellesskap...og lett å vere med på og for dansarar frå Nordfjordeid og omegn. Loenfjord hotel har i 2. etasje eit kurslokale som eignar seg heilt supert til m.a. dans og musikkanlegget er og heilt topp. Landskapet, for den som kan "nyte" eit slikt syn, er og vel verdt å nemne. Det er verkeleg verdt eit "syn".
Volda, mars 2010. Fire onsdagar i mars gjennomførte Kom og Dans Volda eit litt vidaregåande buggkurs for Onsdagsdansarane. Litt over tretti ivrige onsdagsdansarar tok del dei fire onsdagane.
Hareid, jan. 2010. Helga 23.- og 24. jan. hadde Kom og Dans Volda tangokurs for Hareid Leik og Gammaldans. Det var lagt opp til eit svært så krevande opplegg, med 8 timar kurs fordelt på desse to dagane. Kursdeltakarane var ivrige, positive og uthaldande, men åtte timar er kanskje litt i overkant likevel? Svært kjekt hadde vi det i alle fall og kursdeltakarane verka godt nøgde etter kurshelga.
Oslo, temahelga mars 2010. Fredag 5. mars hadde instruktørar frå Kom og Dans Volda for første gong avsvaret for tangoinstruksjon i Oslo. Det var både kjekt og utfordrande. Vi syns vi lukkast godt etter som stemninga var svært god og kursdeltakarane godt nøgde. Kursøkta var på 1:30 time, noko vi som instruktørar syns vi fungerer mykje bedre i enn den noko moderne(?) på 50 min. Vi kjenner på at vi treng tid for å bygge opp ei god kursøkt.
Haugsbygda mars 2010. Helga 13.- og 14. mars hadde vi for første gong kurs i Haugsbygda i Gursken kommune. For dei mindre godt kjende, ein "avstikkar" på vei mot Runde. Her hadde vi 10 timar tangokurs fordelt på desse to dagane i eit supert kurslokale og med svært så ivrige og positive kursdeltakarar. Svært kjekt hadde vi det og dei 40 kursdeltakarane verka og godt nøgde.