Velkommen til Kom og Dans Aurland!
Hos oss kan du bli med på dansekurs og dansekveldar i swing, gammaldans og linedance. Vår faste dansedag er mandagar i Aurland idretts- og samfunnshus (AIS), i tillegg til enkelte dansehelger.
KURS HAUSTEN 2020
Endeleg har vi fått klarsignal til å starte opp dansen igjen – med strenge smittevernreglar. Vi satsar i haust på swingkurs med fast partner og linedancekurs for alle!
Programmet blir som følger:
Dansehelg med swing og linedance 24.-25. oktober
Swing med fast partner – nybegynnerkurs 11.00-13.00 laurdag og søndag.
Linedance for alle 13:30 – 15.00 laurdag og søndag.
Mandagsdans over 6 kveldar frå 26. oktober
18.00 – 19.00 Swing med fast partner – repetisjon og litt øvet
19.15 – 20.15 Linedance for alle
Pris
Helgekurs: 150 kr for vaksen og 75 kr for student per kurs.
Mandagskurs: 200 kr for vaksen og 100 kr for student per kurs (6 kveldar).
Vi takkar Aurland kommune og FolkOrg for støtta som gjere til at vi kan tilby så billige prisar! 🙂
Dans i koronatid
Koronasituasjonen gjere til at vi må tenke litt nytt. Den viktigaste endringen er at vi ikkje kan skifte partnar sånn som vi pleier. Til swingkurset MÅ du melde deg på med ein fast partner som du allereie har nærkontakt med. Dette kan vere ektefelle, kjæreste, ein du bur med eller ein «klemmevenn».
For at alle likevel skal få danse prøver vi oss på linedancekurs i tillegg! Der er vi ikkje avhengig av partnar, og det er lett å halde avstand.
I tillegg er det ein del enkle koronareglar vi må følge:
– Det blir maks 20 personar per kurs
– Påmelding for heile kursserien på forhand
– Vask eller spriting av hender på veg inn og ut
– Det blir ingen servering i pausar – ta med eiga vassflaske
– Pass på å halde minst 1 meters avstand – også på veg inn og ut av lokalet
– Ikkje kom på dans viss du ikkje føler deg heilt frisk!