På grunn av situasjonen med spreiing av koronasmitte har vi avlyst den planlagde dansehelga i mars. Forhåpentlegvis får vi arrangert ei liknande dansehelg til hausten.
Kom og dans Aurland inviterer til stor dansehelg 27.-28. mars.
Kom og dans Aurland slår på stortromma og inviterer til ei helg stappfull av gode danseopplevingar! Det blir mange forskjellige kurs i swing, salsa og folkedans og stor dansefest med Frendar og Aurland spelemannslag.
Prisar, påmelding og betaling
Du kan velge å plukke og mikse kurs gjennom heile helga, delta berre ein dag, eller berre komme på festane. Påmelding til helgepass og dagspass via linken under. Skal du berre på dansefest treng du ikkje å melde deg på. All betaling skjer i døra med kort eller vipps.
Prisar:
Full pakke! – plukk og miks blant alle kurs og festar heile helga – 400 kr
Fredag – kurs og dansefest 200 kr
Laurdag – kurs og dansefest 300 kr
Dansefest fredag 100 kr
Dansefest laurdag 200 kr
Studentar og ungdom under 18 halv pris!
Praktisk informasjon
Arrangementet foregår i Aurland idretts- og samfunnhus (AIS), skulevegen 1. Her er det gode dansegulv, det blir god stemning og kafé med sal av mat og drikke. Alle er velkomne, her fins verken nedre eller øvre aldersgrense, og du kan komme både med og utan dansepartner. Alkoholfritt og familievennleg arrangement. Dansehelga er støtta av FolkOrg og Aurland kommune.
Overnatting
Treng du overnatting har vi fått til ein god avtale med koselege Vangsgaarden gjestgiveri.
Dei kan tilby rorbu med plass til 4 for 1500 kr, dobbeltrom inkl. frukost til 1350 kr og enkeltrom inkl. frukost til 990 kr. Send e-post til booking@vangsgaarden.no eller ring tlf 57 63 35 80 for å bestille. Oppgje at du skal delta på dansehelga for å få tilbodsprisen.