Velkommen til Kom og Dans Aurland!
Hos oss kan du bli med på dansekurs og dansekveldar i swing, gammaldans og linedance. Både nye og erfarne dansarar er alltid velkomne på våre aktivitetar! Alle dansar med alle, og du treng ikkje ha med deg dansepartnar. Programmet vil variere, og nye kurs vil annonserast her og i vår facebookgruppe. Vi køyrer vanlegvis kurs på onsdagar i vinterhalvåret, frå haustferien og fram til påske. Vi dansar i den gamle gymsalen i Aurland idretts- og samfunnshus (AIS).
KURS VINTEREN 2024
Helgekurs i swing 20.-21. januar
Grunnkurs for alle som ikkje har dansa swing før, eller som ynskjer ein liten oppfrisking. Dette er enkel, folkeleg swing som dei aller fleste får til! Du kan komme med eller utan partner. Alle får danse.
Laurdag 10.00-12.00, Søndag 11.00-13.00
Pris: Vaksen 200 kr, student/ungdom 100 kr
Meld deg på her innan 19. januar.
8-vekers kurs i swing og folkedans onsdagar frå 24. januar.
swing nivå 1-2 kl 19.00-20.00
Folkedans nivå 1-2 kl 20.00-21.00
Begge kursa blir lagt opp sånn at dei passar både for nye og dei som har dansa eller gått litt på kurs før. Begge kursa går over 8 kveldar, og du kan velge å bli med på eit eller begge. På folkedanskurset vil vi øve på ulike folkedansar som t.d. reinlendar, vals, polka, masurka og springar. På swingkurset vil vi jobbe med teknikk som gjer deg til ein god dansar, repetere ein god del av det vi hadde på kurset i haust og lære mange nye turar.
Pris for eit kurs over 8 kveldar: Vaksen 400 kr, student 200 kr
Pris for begge kursa: Vaksen 600 kr, student 300 kr
Ta med godt humør og gode dansesko.