Bli med i det nye dansemiljøet i Aurland! Vi startar opp lokalavdeling av Kom og Dans, og startar med seks swingkveldar fram mot jul. Kvar mandag frå 4. november til 9. desember blir det swingkurs frå 18.00 til 19.00, og deretter ein time dansekveld der vi dansar og kosar oss og øver på det vi har lært.
Swingkurset blir på eit nybegynnernivå og passar både for dei som aldri har dansa før og dei som t.d. var med på swingkurset i helga.
Pris for seks kveldar er 300 kr for vaksne og 150 for studentar og ungdom under 18 år.
Klikk her for påmelding. Du får tilsendt link til betaling av kurset på SMS.
Kurset blir arrangert i samarbeid med Aurland kommune og Aurland Spelemannslag.
Spørsmål? Kontakt Jorunn Vallestad på epost jov_85_@hotmail.com eller tlf. 975 67 934.
Vel møtt!